Nord Europas tøffaste motbakkeløp

Skåla Opp foregår stort sett (frå Sjinglebrua og opp) i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Arrangøren ber derfor ALLE deltakarar om å følgje oppmerka sti og ta vare på naturen. Vennlegst benytt søppelsekkar til drikkebeger og anna på drikkestasjonar eller ta med avfall i sekken!     

 

Premiering

Skåla Opp stiller med flotte premiar. Sjå meir her. 

Startkontingent

Konkurranseklasse: 
610,- + eingongslisens 50,-      
Mosjon
Vaksen:
200,-  + eingongslisens 30,-    
Etter 1. august
230,- + eingongslisens 30,-
Barn 13 til 15 år:
100,- + eingongslisens 30,-    
Barn 10 til 12 år:
100,-    

Dersom du har heilårslisens slepp du eingongslisens

Medlemmar i Kondis (norsk organisasjon for kondisjonsidrett) får kr 40,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklasse.


Konkurranseklasse

Frå 15 år og oppover. Fellesstart kl 10. Alle må ha ryggsekk som veg minst 2,5 kg ved start, i løypa og ved målgang.   

Mosjonsklasse

Start frå kl 07:00 til 09:00. Stå langs løypa og heie på eliteløparane når dei kjempar seg mot Skålatårnet, eller greier du å nå toppen før kl 11 kan du heie dei siste meterane mot mål. Og du er sjølv ein vinnar og får utdelt Skålamedaljen når du kjem til toppen!

Mini Skåla Opp

Vår sponsor Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerer Kongleriket Mini Skåla Opp for barn (aldersgruppe 5 til 12 år). Turen går til Sætra på idealtid. Påmelding ved start. Leikar og grilling

 

Killian jornet 2015

Killian jornet 2015


Grillparty i Alexandra hagen

Etter premieutdelinga kl 18:15 kan du unne deg ein god grillbuffét saman med andre Skålavandrarar laurdag kveld ute i Alexandra hagen, og nyt sommarkvelden. Grillparty startar kl 19:30