Alle som fullfører er vinnarar og får Skåla Opp medalje når dei kjem til toppen. 

Det vert også trekning av gåvepremiar blant alle deltakarane som møter opp på premieutdelinga kl 18.15 på Hotel Alexandra.

Rekordpris:
kr 85.000,- for ny bestetid i dame- og herreklasse.

La Sportiva vinnarpris:
1. plass: kr 35.000,- 
2.plass: kr 17.000,-
3. plass: kr 8.000,-
4. plass: kr6.000,-
5. plass: kr 4.000,-
6. plass: kr 3.000,-
7. plass: kr  2.000,-
8. plass: kr  1.000,- 

Klassevinnarar får gåvepremiar (løpesko) frå La Sportiva til marknadsverdi av minimum kr 1.000,-. Gåvekort må løysast ut på salgsstand på Loen Active butikk same dag.

I konkurranseklasse er det premiering til minimum 10 % av deltakarane i kvar klasse.

Treningsstipend på kr 3.000 + La Sportiva utstyrsbag med utvalgte produkt til raskaste kvinne og mann i aldersklassane under 20 år

Har du deltatt på fem eller ti Skåla Opp kan du kjøpe ein Skåla Opp 5-års eller 10-års pokal. Pris kr 100,-