Vi oppmodar alle mosjonistar om å melde seg på via internett seinast fredag kl 22.00. 

Sekretariat ved start (på Tjugen) opnar laurdag morgon kl. 07.00.

Alle i mosjonsklassa, både dei som er førehandspåmeldt og dei som ønskjer å melde seg på ved start, må melde seg i sekretariat for mosjon ved start for å få utdelt startnummer. Vennlegst fest dette synleg på magen.

Alle med startnummer får utdelt Skåla Opp medalje ved Skålatårnet.