NB!

  • La Sportiva Skåla Opp laurdag 13. august:

    Det er maks 800 deltakarar i konkurranseklasse, og ikkje noko begrensning på antal mosjonistar.

  • Parkering på Tjugen ved start;
    Parkeringsavgift kr 70,- til Vipps 116977 Skåla Parkering. Vennlegst vis Vippskvittering til parkeringsvakt for utdeling av parkeringsbillett som du legg i frontvinduet.

  • TRIMKLASSE:

    Kl 7-9
    Mosjonistar hentar startnummer ved start på Tjugen frå kl 6:45 til kl 9.

  • KONKURRANSE:

    Kl 10

    Konkurranseklasser kan hente startnummer fredag kveld frå kl 18 til 21 på Loen Active butikken, eller ved start på Tjugen laurdag morgon frå kl 8.
    Det blir fellesstart med mattestart, det vil seie di tid startar når du passerer under startseglet.
    Det blir elektroniske mellomtider på Setra, Sjinglebrua, Skålavatnet og i Skaret.

    Deltakarar på veg opp har forkøyrsrett (hald til høgre). Det vil seie deltakarar på retur må også halde til høgre og vise hensyn.

  • Premieutdeling på Hotel Alexandra kl 18:15

  • Løpet går til Skålatårnet

  • Ta med varme kle; ull, regnkle, hue og vottar i sekken. I konkurranseklasse skal sekken vege minimum 2,5 kg frå start til mål

  • La Sportiva Skåla Opp foregår i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Alle må følgje oppmerka sti og ta vare på naturen. Det er ikkje tillatt med sko med metallpiggar eller stavar. Nytt søppelsekkar til drikkebeger på drikkestasjonar eller ta med avfall i sekken! 

Last ned årets plakat her  

 

Premiering

La Sportiva Skåla Opp stiller med flotte premiar. Sjå meir her. 

Startkontingent

Konkurranseklasse: 
660,-      
Mosjon
Vaksen:
240,-    
Etter 1. august
260,-
Barn 13 til 15 år:
130,-    
Barn 10 til 12 år:
100,-    

Medlemmar i Kondis (norsk organisasjon for kondisjonsidrett) får kr 40,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklasse.


Konkurranseklasse

Konkurranseklassen gjeld for løparar frå 15 år og oppover. Fellesstart kl 10. Alle må ha ryggsekk med varme kle, ull, regnkle, hue og vottar, samt mat og 0,3 l drikke. Sekken skal vege minst 2,5 kg ved start, i løypa og ved målgong. Brot på denne regelen medfører tidsstraff og i verste fall diskvalifisering. Siste frist for påmelding er onsdag 10. august, dersom det ikkje er fullbooka.  

Mosjonsklasse

Start mellom kl 7 og 9. Dersom du greier å nå toppen før kl 11, kan du heie på konkurranseløparane dei siste meterane mot mål. Du er sjølv ein vinnar og får utdelt Skålamedaljen når du kjem til toppen!
Vi anbefaler å melde seg på online før det blir fullbooka.

Kongleriket Mini Skåla Opp

Laurdag kl 11. Vår sponsor Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerer Kongleriket Mini Skåla Opp for barn (aldersgruppe 5 til 12 år). Turen går til Setra på idealtid. Påmelding ved start. Gratis startkontingent. Leikar og grilling

 

Killian jornet 2015

Killian jornet 2015


37 Swimming pool outdoor.jpg

Overnatting

Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord ligg i kort avstand frå startområdet, og har alle fasilitetar.

Grillparty i Alexandra hagen

Etter premieutdelinga kan du unne deg ein god grillbuffét saman med andre Skålavandrarar ute i Alexandra hagen, Grillparty startar kl 19:30

 
 
 

SPONSORAR