Deltakarane konkurrerer i klassar delt inn etter alder og kjønn i følgjande årsklassar;
15-17, 18-19, 20-22, 23-34, 35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74, 75-79 og 80+

Løpet er ei kraftprøve der konkurransedeltakarane må ha sekk som veg minst 2,5 kg ved start, i løypa og ved målgong. Brot på denne regelen medfører tidsstraff og i verste fall diskvalifisering. I sekken skal det vere varme kle, vindjakke/regnjakke, bukse, ulloverdel/super, hue, hanskar/vottar, energibar og drikkeflaske med minimum 0,3 liter drikke. Det skal vere mat og varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen.

Sko med piggar er forbode. Stavar er forbode i konkurranseklasse.

Henting av startnummer på Loen Active butikken fredag kl 18.00-21.00, og i sekretariat i startområdet på Tjugen laurdag kl 07.00-09.00.

Fellesstart kl 10.00 på Tjugen. Sjå resten av programmet her

Premiering til minimum 10 % av deltakarane som har fullført i kvar klasse.

Under premieutdelinga på Hotel Alexandra kl 18.15 blir kun 1., 2. og 3. premie utdelt, dei andre må hente sin premie i sekretariat på Hotel Alexandra.