Loen Active

Loen Active er ei aktivitetsbedrift eigd av Hotel Alexandra. Loen Active har base i Loen sentrum. Via Ferrata Loen, guiding på fjellturar på Hoven og elles i Loen, sykling og aktivitetar på fjorden. Om vinteren har vi skøytebane med utleige av skøyter i Loen og guiding på trugeturar og akebakke med utleige av kjelkar på Hoven. Les meir om Loen Active her


Skålastilaget

Skålastilaget vart stifta i 2013, etter ferdigstillinga av Skålastiprosjektet. Formålet er å halde stien til Skåla ved like på ein profesjonell og bærekraftig måte. Medlemmar er grunneigarane, Loen Active og Bergen og Hordaland Turlag. Det kostar å halde stien ved like, og ønskjer du å bidra til dette arbeidet vennlegst bruk kontonr til Skålastilaget 3705.25.96018 eller Vipps til 128234
Skålastilaget er òg grasrotmottakar frå Grasrotandelen til Norsk Tipping. Les meir om Skålastilaget her


Bergen og Hordaland turlag

Det er Bergen og Hordaland turlag som har ansvaret for Skålatårnet og Skålabu. Bergen og Hordaland turlag er Vestlandets største friluftsorganisasjon med nærare 30.000 medlemmar