Norges lengste motbakke

På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. I 1891 vart det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen var Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket.

I alle år har dette vore eit populært turmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Historie

I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med ei tre etasjers køyseng med til saman 22 sengeplassar. Opphavsmannen var doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. Frå heimen på Faleide hadde han ei vakker utsikt innover fjorden med den dominerande Skåla i bakgrunnen. Skåla er reikna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. 

FJORDNORWAY-NORDFJORD-SKAALA-20032_web.jpg

Skåla og Skålabu

Skålatårnet og den nye Skålabu er sjølvbetjente DNT hytter, og Skålatårnet er utvilsomt Norges, eller verdas mest spesielle turisthytte. Spektakulær utsikt i alle retningar gjer dobesøk på nattestid til ei uforgløymeleg oppleving. Det er Bergen og Hordaland Turlag som eig og driftar turisthyttene på Skåla. 


Galleri