Skålastilaget vart stifta i 2013, etter ferdigstillinga av Skålastiprosjektet. Formålet er å halde stien til Skåla ved like på ein profesjonell og bærekraftig måte. Medlemmar er grunneigarane, Loen Active og Bergen og Hordaland Turlag.     

Skålastiprosjektet

Skålastiprosjektet blei gjennomført i perioden frå 2007 til 2013 i regi av Statens Naturoppsyn, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seinare Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre med midlar frå Direktoratet for Naturforvaltning. 

Hausten 2008 blei det laga ca 400 meter med steintrapper frå Skålavatnet (ca 1100 moh) i retning Skaret (til ca 1300 moh). Prosjektleiar var Rune Holen. Meir på NRK Sogn og Fjordane

Det var dugnad laurdag 9. august 2008 nedanfor Skaret, og vi bygde om lag 30 meter med nye steintrapper i den bratte oppstigninga.  

Arbeidet med opprustinga av stien heldt fram seinsommaren 2009 frå Sjingla og om lag 500 meter oppover stien. Det blei laga nye steintrapper på dugnad nedanfor og i Skaret laurdag 1. august 2009. 
Meir om dugnaden på NRK Sogn og Fjordane 

Skålastiprosjektet laga i 2010 om lag 530 meter sti nedanfor Skålavatnet. Prosjektleiar var Ole Runar Aabrekk i samarbeid med SNO.
På dugnad ovanfor Flatebreen laurdag 31. juli 2010 deltok:
Arild Bødal, Asle Loen, Erik Brendefur, Jan Heggheim, Jens Christian Skrede, Kjell Einar Skrede, Odd Kjetil Tonning, Richard Grov, Rune Holen, Ihakpa Sherpa, Phurba Sherpa, Sonan Sherpa og Tashi Sherpa
Heile-gjengen Meir info om Skålastiprosjektet finn du på Fylkesmannen Sogn og Fjordane sine heimesider og på Vestlandsrevyen onsdag 18. august 2010 

Skålastiprosjektet laga i 2011 ytterlegare 550 meter med steinsett sti og nye trapper. Ein del vardar blei òg bygde opp igjen.
På dugnaden i regi av Skålastiens Venner laurdag 30. juli stilte desse opp (bilde):
Richard Grov, Jarle Grov, Kjell Solheim, Asle Loen, Audun Skogen, Roger Rake, Jan Heggheim, Endre Aas og Erik Brendefur.

Skålastiprosjektet heldt fram i 2012. Arbeidet føregjekk frå skogsvegen og opp til Sjingla. Det er laga ein del klopper for å leie vekk vatn, det er steinsett sti og det er laga nye trapper.

Vil du bidra?

Det kostar å halde stien ved like, og ønskjer du å bidra til dette arbeidet vennlegst bruk kontonr til Skålastilaget 3705.25.96018 eller Vipps 128234.
Skålastilaget er òg grasrotmottakar frå Grasrotandelen til Norsk Tipping.  

Følgjande lokale firma har støtta Skålastiprosjektet:

Hotel Alexandra, Sparebanken Sogn og Fjordane og Miljøservice AS / Septik24