Påmelding


Påmelding til konkurranseklasse er open

Konkurranse: Maksimalt 800 deltakarar. Påmelding  

Påmelding går føre seg i to steg. Først registrerer du epostadresse og antal plassar (inntil 4) du ønskjer. Deretter foretas det tildeling av plassar etter førstemann til mølla prinsippet. Dersom du får tildelt plass, vil du motta ein epost med lenkje som du bruker for å fullføre påmelding. Om du ikkje får tildelt plass i første tildeling, vil du motta ein eigen epost om dette og du vil behalde plassen din på venteliste.

Du må fullføre påmeldinga av tildelt plass innan 24 timar. Fullfører du ikkje påmelding innan fristen, vil du miste plassen, som då vil bli tildelt til deltakarar på venteliste

Mosjon: For å unngå kø anbefaler vi online påmelding før kl 20 fredag 18. august.
Eventuelt manuelt ved start, her kan det bli kø. Påmelding 

Startkontingent:
Konkurranse              kr 610,-  +  eingongslisens 50,-  
Mosjon vaksen kr 200,-  +  eingongslisens 30,- etter 1. august kr 230,- + eingongslisens
Mosjon barn 13 til 15 år kr 100,-  +  eingongslisens 30,-
Mosjon barn 10 til 12 år kr 100,-

Alternativet til eingongslisens er heilårslisens. Dersom du har heileårslisens slepp du eingongslisens

Medlemmar i Kondis (norsk organisasjon for kondisjonsidrett) får kr 40,- i rabatt ved påmelding i konkurranseklasse.

Betaling
Tilsende faktura kan du betale på same måte som du betaler andre fakturaer, hugs å oppgi KID, eller du kan betale direkte med kort ved påmelding. Påmelding er gyldig kun når startkontingent er betalt. Spørsmål til timing@quick.no eller telefon 61159020  
 
Bindande påmelding
Påmeldinga er bindande. Ingen refusjon ved sjukdom, skade etc.

Kjøp og salg av startnummer
Instruksjon for selgar og kjøpar finn du her Kjøp/salg . Du kan selge eller kjøpe startnummer fram til  15. august. Omregistreringsgebyr kr 100,-
Spørsmål til timing@quick.no eller telefon 61159020
 
Avlysning
Ved avlysning av arrangementet før arrangementsdagen kan arrangøren behalde 50 % av startkontingent til dekning av utgifter. Dersom arrangementet må flyttast til ein annan stad på same dato, eller avlysast for deretter å bli gjennomført på ein seinare dato, eller for å bli flytta til ein annan stad på ein ny dato, har dei som var påmeldt til den opprinnelege dato, men som ikkje stiller til start på ny dato ikkje krav på tilbakebetaling av nokon del av startkontingent. Ved avlysning i løpet av arrangementsdag på grunn av plutseleg oppståtte vêr-/klimatiske forhold eller annan force majeure, beheld arrangør startkontingenten. 

Personopplysningar
Ved påmelding samtykker du i at ditt namn vil bli offentleggjort i start- og resultatlister. Desse listene inneheld også opplysningar om aldersklasser og klubbmedlemskap.  

Bruk av bilde
Påmelding inneber samtykke til at bilde av deg kan bli lagt ut på våre heimesider etter arrangementet.

Generelle reglar for arrangementet 
Deltakarane pliktar å rette seg etter arrangøren sine instruksar og reglar.

Sjekk startliste     



Klikk her for utskriftsvennlig versjonKlikk her for utskriftsvennlig versjon